Over tusen bedrifter i Vestland har allereie fått støtte

By 24/04/2020Nyheter
For seks dagar sidan opna nettportalen for kompensasjonsordninga. Siden då har over 10 000 virksomheter søkt om støtte. Halvparten har fått.

– På rekordtid fekk vi på plass kompensasjonsordninga som skal redda norske arbeidsplassar og bedrifter. No er eg veldig glad for at vi også kan lansera ei innsynsløysing med omfattande og lett tilgjengeleg informasjon. Denne openheita er viktig for legitimiteten til heile kompensasjonsordninga, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).

Her kan du sjå kven som har fått støtte til no. (Sida blir oppdatert dagleg kl. 09 med nye tildelingar, og du kan sortera lista etter fylke eller søka fram verksemder.)

Oppdaterer kvar dag

Det er Skatteetaten som har fått oppdraget med å forvalta kompensasjonsordninga. Innsynsløsninga skal ligga på Skatteetaten sine nettsider under adressa kompensasjonsordning.no/innsyn. Den blir oppdatert klokka 09.00 kvar dag, også i helgene.

– Innsynsløsninga vil gje offentlegheita moglegheit til å følgja med på bruken av felleskapet sine pengar i kompensasjonsordninga. Det er ein styrke for heile ordning at journalistar, forskarar og andre har innsyn i at ordninga blir forvalta i tråd med regelverket. Ein slik praksis har likheitstrekk med den openheita som vi praktiserer i samband med offentleggjeringa av skattelistene, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Vil unngå konkursar

Målet med ordninga er at næringslivet i størst mogleg grad unngår konkursar og kjem seg raskare opp igjen når krisa er over.

– Vi har no gjennomført dei første utbetalingane. Vedtak og utbetaling blir følgt opp fortløpende, seier skattedirektøren.

Over halvparten har til no fått godkjent søknadene sine. Ein del er tatt ut til manuell behandling og ein del bedrifter har fått avslag på søknadene sine. Det er tre hovedårsaker til avslaga, for lågt omsetningsfall, støttebeløp under 5.000 kroner (minstebeløp) og uoppgjorte restansar.

For å kunna motta tilskot frå kompensasjonsordninga, må føretaka oppfylla fleire kriterier.

– Det er flere forhold føretaka sjølv må finna ut av før dei sender søknaden. Bruk tid på å sjekka kriterier, snakk gjerne med regnskapsførar dersom det er behov for hjelp eller nytt deg av informasjonen som er tilgjengelig på kompensasjonsordning.no, seier Holte.

Author Anders Ekanger

Flere nyheter av Anders Ekanger
Her kan du få hjelp i koronakrisa
Vest Næringsråd
X