Sidan 2004 har Vest Næringsråd forvalta gåvemidler til regional næringsutvikling gitt av Sparebanken Vest. Til saman i løpet av desse åra har fondet støtta 103 bedrifter eller prosjekt.
Kven kan søka i 2025?
- Bedrifter eller prosjekt som er etablert i Øygarden eller har tilknyting til området
Samarbeider de med andre aktørar om nyskapande prosjekt? Send gjerne inn felles søknad.
Desse kriteria vil bli vektlagt:
- Nyskapande idear eller aktivitetar i tidleg fase
- Prosjekt som bidrar til grøn omstilling eller sosial innovasjon vil bli vektlagt
Fristen er 11. september 2025 – Klikk her for søknadsskjema!
Tildelinga skjer på Øygardskonferansen, fredag 7. november 2025.
Tildeling
Den – eller dei – beste søknadene får laga ein profesjonell film (ca. 2 min.) med ein verdi på inntil 50 000 kroner. Videoane blir vist fram for første gong under Øygardskonferansen i november. Filmane kan brukast kommersielt og til å løfta bedrifta/prosjektet vidare.
Størrelsen på tildelte midlar utover film-vinnarane blir vurdert av juryen.
Det blir markering av alle som mottar fondsmidlar.
Juryen består av medlemmar frå Vest Næringsråd og Sparebanken Norge.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Vest Næringsråd:
Dagleg leiar Kari-Anne Landro tlf: 99245694